programbilde av mann med rullestol på tursti

AccessNorway: Tilgjengeleg reiseliv for alle

AccessNorway er ei nasjonal satsing for å utvikle standardar og verktøy som gjer norsk reiseliv meir tilgjengeleg for alle.

Tilgjengeleg reiseliv handlar om å skape gode opplevingar for alle – og samstundes utvikle sterkare lokalsamfunn og meir lønsam reiselivsnæring. Med ei aldrande befolkning og ein stor del av verdas reisande med ulike behov, ligg det eit betydeleg uutnytta potensial i å utvikle reisemål som er betre tilrettelagde og lettare å forstå for gjesten.

AccessNorway er ei nasjonal satsing der reisemål over heile landet samarbeider om å utvikle felles standardar og verktøy for eit meir tilgjengeleg reiseliv. Målet er å gjere det enklare for både destinasjonar og reiselivsbedrifter å vite kva dei skal gjere – og korleis dei skal kommunisere dette tydeleg til gjesten.

Satsinga byggjer på erfaringar frå norsk reiseliv, og skjer i samarbeid med sterke fagmiljø. Gjennom Inklu – Beitostølen, eit samarbeid mellom Beitostølen Helsesportsenter, Østre Slidre kommune og næringslivet, blir praktisk erfaring med inkluderande reisemål teke inn i arbeidet. Samtidig bidreg Sunnasstiftelsen med viktig brukarkompetanse, slik at løysingane blir utvikla med utgangspunkt i faktiske behov. Arbeidet skjer òg i tett samarbeid med Innovasjon Norge Reiseliv og Visit Norway, for å sikre nasjonal forankring og samordna utvikling og kommunikasjon.

Gjennom pilotering på utvalde reisemål og testing saman med brukargrupper, skal AccessNorway utvikle konkrete verktøy og legge grunnlaget for ein felles nasjonal standard. Ambisjonen er å styrkje Noreg som reisemål – og gjere det enklare for fleire å oppleve det.

Spørsmål om satsinga eller medlemskap?
Ta kontakt…

Anita Svendheim
Anita Svendheim
Anita Svendheim er klynga sin leiar og ansvarleg for den daglege drifta av Norwegian Travel Cluster saman med klyngeleiinga.
47 924 44 948anita@nhryfylke.no
Nikoline Halvorsen
Nikoline Halvorsen
Nikoline, frå Visit Telemark, er ein del av klyngeleiinga i Norwegian Travel Cluster med ansvar for mellom anna BerekraftsAkademiet, VertsKommunen og AccessNorway-satsinga.
+ 47 957 06 842nikoline@visittelemark.no

Ei samarbeidssatsing med

Kurs og arrangement

Utviklingsprogram
60 000,- eks.mva.
NTC KICK OFF: Access Norway
Utforsk kva tilgjengeleg reiseliv kan bety for di destinasjon — for business, for gjestane og for lokalsamfunnet.
bilde av tursti med universell utforming
Utviklingsprogram
100 000,- eks. mva.
NTC LAB: Access Norway
Gå frå idé til praksis med NTC LAB: AccessNorway — eit seks månaders utviklingsprogram for destinasjonar som vil jobbe målretta med tilgjengeleg reiseliv.
person i rullestol på tilrettelagt sti

Aktuelt

AccessNorway: Visit Voss med ny tilgjengelegheitsside
Visit Voss inviterte i november 2025 Sunnaasstiftelsen til å kartleggje tilgjengelegheit hos utvalte reiselivsaktørar på destinasjonen.
personar i rullestol som testar ulike opplevingar
AccessNorway - saman for eit meir tilgjengeleg reiseliv
I eit samarbeid med Sunnasstiftelsen og Inklu - Beitostølen samlar reisemåla i NDBR seg for eit felles løft for eit meir tilgjengeleg reiseliv.
personar med funksjonsnedsettingar som er klare for tur med SUP-brett
AccessNorway: Kva lærer vi av å teste reisekjeda med rullestol?
Visit Sognefjord inviterte i april 2026 Sunnaasstiftelsen til å reise gjennom destinasjonen for å teste ut reisekjeda og kartlegge behov.
Person i rullestol ved utkikkspunkt

Andre satsingar

Norwegian Digital Travel Hub: KI og ny teknologi

Norwegian Travel Cluster satsar på kunstig intelligens (KI) og ny teknologi for å styrkje norsk reiseliv si konkurransekraft og berekraft.
Les meir
bilde av dame på fjelltopp med utsikt til fjord og nettverkssymbol

Norske matdestinasjonar

Norske matdestinasjonar er ei nasjonal satsing for å utvikle og synleggjere lokalmat som ein sentral del av reiseopplevinga i Noreg.
Les meir
bilde av matrettar framføre fjord

Camping og trafikk på norske reisemål

Satsinga samlar destinasjonar for å handtere auka trafikk, styrkje gjesteopplevinga og utvikle felles løysingar for berekraftig camping i Noreg.
Les meir

BerekraftsAkademiet

BerekraftsAkademiet er Norwegian Travel Cluster sin felles kurs- og kompetanseportal.
Les meir
figrar som representerer ulike turistar og personar i lokalsamfunnet