
BerekraftsAkademiet er Norwegian Travel Cluster sin felles kurs- og kompetanseportal.
BerekraftsAkademiet er svaret på eit veksande behov: I ei tid der krav til kunnskap er stadig høgare, må informasjonen nå ut til personar i ei vertskapsrolle på deira premiss – lett tilgjengeleg og mogleg å gjennomføre i ein travel kvardag.
Å drifte og utvikle vertskapskurs på eigen destinasjon krevjer mykje tid og ressursar. Gjennom BerekraftsAkademiet samlar reisemåla på tvers av landet ressursane sine for å skape kurs av høgast mogleg kvalitet – og delar på kostnadene. Det som er felles for oss alle, utviklar vi saman. Det som er lokalt og unikt, utviklar kvart reisemål sjølv.
Fordelane er mange: høgare kvalitet på kursa, lågare kostnad per reisemål, ein felles plattform til ein brøkdel av listeprisen, og moglegheita til å saman bygge kunnskap og stoltheit knytt til «Berekraftig Reisemål» blant alle i ei vertskapsrolle.
Norwegian Travel Cluster har henta inn nokre av landet sine fremste fagmiljø for å utvikle felles nasjonale kurs. Per i dag finst kurs innanfor:
Vertskap og berekraft
Natur og ferdsel
Fire nye naturkurs kjem til hausten 2026.
Kursa er tilgjengelege på norsk og engelsk. Reisemåla kan i tillegg utvikle eigne lokale kurs i plattforma og dele dei med andre.
20 norske reisemål frå heile landet er i dag med i BerekraftsAkademiet, mellom anna Lindesnes, Bergen, Hallingdal, Svalbard, Valdres, Voss, Nordfjord, Jotunheimen, Lyngenfjord, Kirkenes/Alta og fleire.
Plattforma er open for fleire reisemål. Ta kontakt for å høyre meir om korleis din destinasjon kan bli ein del av fellesskapet.
BerekraftsAkademiet nyttar Motimate som e-læringsplattform – ein del av Kahoot-familien med fokus på nyskapande læringsmåtar. Kursa er tilgjengelege via app på mobil, slik at dei lett kan gjennomførast i ledige tider. Brukarar får varsel på mobil når nytt innhald er tilgjengeleg, og kvart kurs er avslutta med ein quiz. Kvart kurs tek om lag 10–15 minutt.




.jpeg)

.png)
.png)








