
Norwegian Travel Cluster lanserer fire nye vertskapskurs om natur, tryggleik og ansvarleg ferdsel i BerekraftsAkademiet.
Målet er å styrkje kunnskapen hos alle som møter besøkande – frå reiselivsbedrifter og guidar til frivillige, servicetorg, arrangement og anna lokalt næringsliv. Godt vertskap er eit av dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ansvarleg ferdsel, gode gjesteopplever og positive ringverknadar for lokalsamfunn, natur og kultur.
Kurspakken vil totalt bestå av åtte kurs. Dei fire første er no ferdigutvikla og klare til bruk:
Naturvett og allemannsretten – Rettar og plikter i norsk natur, og korleis allemannsretten kan utøvast på ein ansvarleg måte.
Trygg i norsk natur – Korleis ein førebyggjer risiko, planlegg gode naturopplevingar og handterer situasjonar når uhellet er ute.
Dyr og artsmangfald – Omsyn til dyr, sårbare naturområde og korleis vi kan bidra til å ta vare på naturmangfaldet.
Kompetanse for guidar – Viktig kunnskap, ansvar og relevante ordningar og sertifisering for guidar og andre som formidlar opplevingar.
Kursa er tilgjengelege på både norsk og engelsk, slik at dei kan nyttast av eit breitt spekter av tilsette, frivillige og internasjonalt vertskap. Dei fire neste kursa i vertskapspakken vil bli lanserte fortløpande.
For reisemål som er ein del av BerekraftsAkademiet ligg kursa tilgjengelege i Motimate. Samstundes er dei gjort opne for alle gjennom eigne lenkjer, slik at heile lokalsamfunnet kan ta dei i bruk.
Vi oppfordrar alle reisemål, kommunar, bedrifter, guidar, frivillige organisasjonar og arrangørar til å gjennomføre kursa og dele dei vidare i eigne nettverk. Jo fleire som har felles kunnskap om natur, kultur, tryggleik og ansvarleg ferdsel – desto betre blir opplevinga for gjestane, lokalsamfunna og naturen vi skal ta vare på.

