
Naturkursa kjem som eit tillegg til kursbiblioteket som allereie finst i akademiet.
BerekraftsAkademiet er den felles digitale kurs- og kompetansebanken for norske reisemål, tilgjengeleg via app og designa for å kunne gjennomførast i ein travel kvardag. Kvart kurs tek om lag 10–15 minutt.
Naturkursa kjem som eit tillegg til kursbiblioteket som allereie finst i akademiet, der kurs om det gode vertskap, tilgjengeleg reiseliv, norsk reiseliv, Merket Berekraftig Reisemål og ansvarleg marknadsføring allereie er på plass.
Dei fire første naturkursa blir lanserte før sommaren:
Naturvett og allemannsretten gir ei innføring i kva rettar ein har i norsk natur, og kva som skal til for å bruke dei – inkludert fjellvettreglar, verneområde og jakt og fiske.
Trygg tur i norsk natur – sikkerheit og beredskap handlar om å minimere risiko og kva ein gjer når uhellet er ute – frå riktig utstyr og klede til skredvarsel, nødhjelp og beredskap.
Kompetanse for guidar gir oversikt over kva ein guide i reiselivet bør kjenne til, og kva ordningar og sertifiseringar som er tilgjengelege.
Dyr og artsmangfald tek for seg vern av artsmangfald, ansvarleg åtferd og korleis ein forheld seg til ville dyr og sårbar natur i norske fjell og skogar.
Fire nye kurs kjem til hausten. BekraftsAkademiet nyttar Motimate som e-læringsplattform, og reisemåla kan i tillegg utvikle eigne lokale kurs.
Vil du vite meir? Ta kontakt med ditt reisemål.

