Norwegian Travel Cluster satsar på kunstig intelligens (KI) og ny teknologi for å styrkje norsk reiseliv si konkurransekraft og berekraft.
Reiselivet står midt i ei grunnleggjande teknologisk endring, der kunstig intelligens i aukande grad påverkar korleis gjester finn, vel og bestiller opplevingar. For Norwegian Travel Cluster handlar satsinga på KI og ny teknologi om å sikre at reisemåla og bedriftene sjølve tek ein aktiv posisjon i denne utviklinga – og beheld kontrollen over eigen synlegheit, data og verdiskaping.
Gjennom denne satsinga jobbar vi med å styrkje næringa si evne til å møte ei ny digital verkelegheit, der mykje av kundereisa skjer i globale plattformar. Målet er å utvikle løysingar og samarbeid som gjer at norsk reiseliv står sterkare – både teknologisk, strategisk og kommersielt.
Eit sentralt fokus er å:
Satsinga handlar også om å bygge opp ei sterkare felles forståing for korleis data, kunnskap og erfaringar kan delast og nyttast på tvers av næringa. Ved å samle og strukturere innsikt om reisemål og utvikling, legg vi grunnlaget for betre beslutningar og meir koordinert utvikling i framtida.
Samtidig er det avgjerande for oss at teknologiutvikling skjer i tråd med verdiane i norsk reiseliv. Kunstig intelligens skal ikkje berre skape effektivitet, men også støtte opp under berekraft, lokal verdiskaping og ansvarleg utvikling av reisemål.
Dette er eit langsiktig arbeid der målet er klart: å sikre at norsk reiseliv eig relasjonen til gjesten, eig dataen sin – og står rusta til å møte ei framtid der teknologi spelar ei stadig større rolle.