logo av programmet
Bilde: NaoGroup
29.5.2026

Norske reisemål inn i verdas største KI-fellesskap for destinasjonar

Deltakarar i «KI-klare destinasjonar» får i 2026 tilgang til AI Opener for Destinations – verdas største KI-fellesskap for DMOar.

Norwegian Travel Cluster er i 2026 ein del av AI Opener for Destinations – og alle som deltek i programmet «KI-klare destinasjonar» får tilgang til verktøykasse, seminar og eit internasjonalt nettverk av over 120 destinasjonar frå Europa, USA og Canada.

AI Opener for Destinations er eit lærings- og utviklingsprogram driven av Group NAO, der destinasjonsorganisasjonar saman utforskar korleis kunstig intelligens påverkar reiselivet – strategisk, etisk og i praksis. Programmet er skreddarsydd for destinasjonsselskap og gir tilgang til månadelege samlingar, praktiske verktøy, ekspertinnlegg og erfaringsdeling på tvers av landegrenser.

Gjennom samarbeidet får deltakarane i NTCs program «KI-klare destinasjonar» tilgang til dette nettverket og ressursane som følgjer med. Det inkluderer ein verktøykasse med konkrete KI-verktøy for destinasjonsarbeid, fagleg påfyll og ein fellesarena der over 300 fagfolk frå heile verda deler erfaringar og løysingar.

Behovet er godt dokumentert: ei fersk undersøking frå AI Opener viser at nesten alle (99 prosent) destinasjonsprofesjonelle har prøvd KI-verktøy, men berre 16 prosent av organisasjonane har ein KI-strategi på plass. Norske reisemål er ikkje åleine om å stå i denne situasjonen – og det er nettopp difor det er verdifullt å stå saman med kollegaer frå heile verda som jobbar med dei same spørsmåla.

Andre aktueltsaker

29 norske destinasjonsselskap går sammen om å rigge seg for KI-fremtiden og lanserer KI-reiseplanlegger med Mindtrip
Norske destinasjonsselskap fra Lindesnes til Svalbard går sammen om å lansere en felles KI-reiseplanlegger gjennom Mindtrip, blant de første i Europa.
mange personar i eit møterom for diskusjon
Norwegian Travel Cluster tek reiselivet til Arendalsuka
Norwegian Travel Cluster stiller med tre arrangement på Arendalsuka i august: reiselivspolitikk, KI og tilgjengelegheit.
logo for arendalsuka
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.