bilde av mange deltakarar i eit rom rundt gruppebord
Foto: Privat
29.5.2026

KI er ikkje framtid – det er no: 46 destinasjonar og over 330 reiselivsbedrifter tok steget

Norsk reiseliv er midt i ei digital omstilling – og 46 destinasjonar og over 330 reiselivsbedrifter tok grep då Norwegian Travel Cluster og EDIH Ocean

Då EDIH Oceanopolis og Norwegian Travel Cluster lanserte ein praksisorientert AI-kurs for reiselivet hausten 2027, var responsen tydeleg: 46 destinasjonar og over 330 reiselivsbedrifter frå heile landet deltok. Det er eit signal om kor stort behovet for digital kompetanse er – og kor mykje som no står på spel.

Kunstig intelligens endrar allereie korleis gjestar planlegg reiser, finn inspirasjon og bookar opphald. Søkemotorar blir erstatta av KI-agentar som samanliknar alternativ og tilrår opplevingar – utan at gjesten besøker lokale nettsider. Samstundes ser vi at store internasjonale plattformar styrkar grepet sitt om distribusjon og synlegheit, medan lokale aktørar risikerer å bli usynlege i dei kanalane gjestane faktisk brukar. For norsk reiseliv handlar dette om meir enn teknologi – det handlar om eigarskap, lokal verdiskaping og kven som til slutt set agendaen for korleis Noreg blir oppdaga og fortalt om.

Det er dette som gjer fellesløft som dette så viktige. Me må stå saman som næring om me skal klara å omstille oss og ta eigarskap over den digitale utviklinga.

Fire samlingar for destinasjonar – fire for bedriftene

Som ein del av Norwegian Travel Hub – eit nasjonalt løft for berekraftig og konkurransedyktig reiseliv i den digitale omstillinga – vart kurset gjennomført i to parallelle spor: fire samlingar retta mot destinasjonsselskapa og fire retta mot reiselivsbedriftene. Dette sikra at innhaldet trefte dei konkrete utfordringane på begge nivå i verdikjeda.

Samlingane peika på viktige retningar teknologien no tek reiselivet, og viste til konkrete verktøy som kan lette arbeidet i ein travel kvardag. Målet var ikkje teori, men å gjere digitaliseringa forståeleg og handterleg for aktørar av alle storleikar.

– På sist ferie eg var på fekk reiste me gjennom Spania inspirert av forslag til stoppestader og opplevingar – utan å besøke lokale nettsider. Det seier mykje om korleis gjestane våre no finn inspirasjon. Vi kan ikkje konkurrere på den raske teknologiske utviklinga, men vi kan vera den beste kjelda til truverdig informasjon, sa Anita Svendheim, leiar for Norwegian Travel Cluster.

Utviklinga går raskt – kompetansebehovet er vedvarande

Professor Morten Goodwin frå Universitetet i Agder demonstrerte korleis KI-agentar allereie kan hente informasjon, samanlikne alternativ og gjennomføre bookingar automatisk. Futurist og investor Lars Rinnan sette det på spissen:

– AI har hatt sitt iPhone-øyeblikk. Teknologien er moden, tilgjengeleg og brukarvennleg. Spørsmålet er ikkje om den vil påverke reiselivet, men korleis bedriftene vel å ta han i bruk.

Det store oppmøtet viser at næringa er klar for å lære – men det store oppmøtet viser òg at utviklinga går så raskt at éin kursrunde ikkje er nok. Kontinuerleg kompetanseheving er eit strategisk behov, ikkje eit eingongstiltak.

Norwegian Travel Hub – strategisk satsing på lokalt eigarskap

For Norwegian Travel Cluster er dette ein del av ei breiare strategisk satsing i Norwegian Travel Hub: korleis norske reisemål sikrar lokalt eigarskap i den digitale omstillinga, aukar lokal verdiskaping og tek i bruk teknologi for betre besøksstyring. Norsk reiseliv har sterke konkurransefortrinn gjennom autentiske opplevingar og personleg vertskap. Teknologien kan forsterke desse kvalitetane – men berre for dei som aktivt vel å ta han i bruk.

– KI og digitalisering skal ikkje ta bort det menneskelege, men gjere oss betre på det vi allereie er gode på, oppsummerte Stig Martinsen, leiar for EDIH Oceanopolis.

Andre aktueltsaker

Norwegian Travel Cluster tek reiselivet til Arendalsuka
Norwegian Travel Cluster stiller med tre arrangement på Arendalsuka i august: reiselivspolitikk, KI og tilgjengelegheit.
logo for arendalsuka
BerekraftsAkademiet styrkar seg med nye kurs om natur og tryggleik
Naturkursa kjem som eit tillegg til kursbiblioteket som allereie finst i akademiet.
teikneseriefigur av ein turistvert
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.