programintro bilde
Utviklingsprogram
:
Pris:
60 000,- eks mva.
Gå til påmelding

NTC LAB: KI-klare destinasjonar

Er di destinasjon klar for KI-framtida? NTC LAB: KI-klare destinasjonar er eit eittårig program der de får teste nye verktøy, nå gjesten på nye måtar og ta ei leiande rolle i framtidas reiseliv.

Er din destinasjon og bedrifter klare for KI-framtida?

Reiselivet står midt i eit skifte der kunstig intelligens endrar korleis gjestar søkjer, planlegg og opplever reisemål. Synlegheit blir i aukande grad styrt av KI-drevne plattformer, og konkurransen om merksemd blir både meir global og meir kompleks.

For å lykkast i denne utviklinga må vi løfte oss i fellesskap. Éin destinasjon åleine har avgrensa kraft – men saman kan vi bygge kompetanse, teste nye løysingar og sikre at Noreg står sterkt i den digitale konkurransen.

NTC LAB: KI klare destinasjonar

NTC LAB: KI-klare destinasjonar er eit eittårig program (januar–desember 2026) der destinasjonar jobbar saman for å forstå og ta i bruk kunstig intelligens i praksis. Gjennom programmet vil deltakarane utforske korleis framtidas nettsider, marknadsføring og kundereise bør utviklast, og teste nye måtar å nå og engasjere gjestar på – mellom anna ved å prøve ut nye typar innhald og informasjonsformidling gjennom plattformer som Mindtrip. Programmet gir òg tilgang til eit internasjonalt nettverk gjennom AI Opener leia av NAO Group, og legg til rette for pilotering av løysingar for betre samordning av data – både mot kunde og internt – i samarbeid med EDIH Oceanopolis. Dette er ei felles satsing for destinasjonar som ønskjer å lære, utvikle og posisjonere seg i møte med ei KI-driven framtid.

Kva du får ved å delta:

  • KI og synlegheit i nye søk – vi jobbar med korleis norske reisemål og bedrifter kan vere synlege og relevante i ei framtid prega av KI-baserte søk, språkmodellar, AI-assistentar og automatiserte reiseplanleggarar. Målet er å sikre at norsk reiseliv beheld kontroll over eigen synlegheit, eigne data og eigen verdiskaping.
  • Felles data og digital infrastruktur – satsinga utforskar korleis reiselivet kan samarbeide om strukturering av innhald og data, deling av innsikt, felles innsiktsbase, betre distribusjon av reiselivsinnhald og løysingar tilpassa moderne KI-teknologi.
  • KI-policy og ansvarleg AI – vi jobbar også med felles forståing for ansvarleg bruk av KI, eigarskap til data, transparens, berekraftig teknologiutvikling og korleis KI kan brukast på ein måte som styrkjer lokale reisemål og lokal verdiskaping.
  • Mindtrip og KI-basert reiseplanlegging – som ein del av satsinga vert det utvikla ein felles KI-basert kampanjeside og reiseplanleggjar i samarbeid med teknologiselskapet Mindtrip. Løysinga gjer det mogleg for gjester å få personlege reiseruter, planlegge opplevingar, oppdage lokale anbefalingar, finne berekraftige alternativ og gå frå inspirasjon til konkret handling. Destinasjonane styrer sjølv kva stader, opplevingar og tema som vert prioriterte. Satsinga skal også bidra til auka synlegheit for lokale aktørar, betre distribusjon av innhald, smartare besøksstyring og meir berekraftige reisevalg.
  • Kurs, workshops og arbeidsgrupper – deltakarane får tilgang til kurs og workshops, praktisk opplæring, internasjonale fagmiljø, nettverk og sparring, og deling av erfaringar mellom destinasjonar. Det vert etablert arbeidsgrupper innan teknologi og integrasjon, data og innhaldsstruktur, AI-opplevingar og prompting, marknadsføring og distribusjon, og kampanjekonsept og innhald.
  • AI Opener og internasjonalt samarbeid – gjennom samarbeid med AI Opener får deltakarane tilgang til internasjonale workshops, ressursbibliotek, praktisk læring, fagleg sparring og erfaringar frå andre destinasjonar og reiselivsaktørar. Satsinga samarbeider også med Group NAO og hentar inspirasjon frå det danske initiativet «Moving Destin(ai)tions», som arbeider med nasjonal KI-utvikling i reiselivet.

Påmelding og pris

NTC LAB: KI-klare destinasjonar har løpande påmelding. Ta kontakt med prosjektansvarleg Kristoffer Paulsen på kristoffer@visitvestfold.no.

Krav til deltaking:

  • Å vere eit destinasjonsselskap med samarbeidsavtalar med lokalt næringsliv
  • Å ha ein fast kontaktperson og forankring i leiinga
  • Å forplikte seg til aktiv deltaking i samlingar, pilotar og erfaringsdeling gjennom programperioden
  • Å vere villig til å teste nye KI-løysingar og dele innsikt og erfaringar med dei andre destinasjonane

Pris:

60 000,- eks mva. SMBar som er medlemmer av NTC får 75% avslag i prisen, gjennom støtte frå Innovasjon Norge og Norwegian Innovation Clusters-programmet.

Ta kontakt for meir info: kristoffer@visitvestfold.no

Spørsmål om kurs eller arrangement?
Ta kontakt.

Eit samarbeidsprosjekt med

Påmelding

* Eg bekrefter påmelding, og tillet at innsend informasjon blir lagra i samband med skjemaet, og kan bli brukt til å bli kontakta i forbinding med kurs/arrangementet.
Takk! Innmelding er sendt.
Ein feil oppstod ved innsending. Prøv gjerne på nytt…

Aktuelt

Digital Launch: Norwegian Travel Hub - Lønnsam bruk av AI og ny teknologi for reiselivsbedrifter
Bli med på høstens seminarserie der du får en praktisk innføring i hvordan din virksomhet kan bruke kunstig intelligens (AI) og digitale verktøy.
Digital Launch: Norwegian Travel Hub – Lønnsam bruk av AI i norske destinasjonsselskap
Korleis kan destinasjonsselskap kan bli datadrivne og bruke AI? Velkommen til haustens seminarserie!
Bilde av notatblokk over verdskart

Andre utviklingsprogram

NTC LAB: Access Norway
Gå frå idé til praksis med NTC LAB: AccessNorway — eit seks månaders utviklingsprogram for destinasjonar som vil jobbe målretta med tilgjengeleg reiseliv.
person i rullestol på tilrettelagt sti
NTC KICK OFF: Access Norway
Utforsk kva tilgjengeleg reiseliv kan bety for di destinasjon — for business, for gjestane og for lokalsamfunnet.
bilde av tursti med universell utforming