Utforsk kva tilgjengeleg reiseliv kan bety for di destinasjon — for business, for gjestane og for lokalsamfunnet.
Noreg tapar milliardar kvart år i tapte reiselivsinntekter — ikkje fordi vi manglar vakker natur eller gode opplevingar, men fordi vi ikkje er tilgjengelege nok. 1 av 5 kjem til å oppleve ei funksjonsnedsetting i løpet av livet, og med ein aldrande befolkning i Noreg og Europa veks dette markedet berre meir. Samstundes skal det ofte ikkje så mykje til: rett kommunikasjon, varme gjestemøte og enkle grep kan gjere ein stor forskjell — for gjesten, for bedrifta og for heile lokalsamfunnet. Å satse på tilgjengeleg reiseliv er ikkje berre god business. Det skapar stader der fleire kjenner seg velkomne.
Programmet er utvikla i eit samarbeid mellom Norwegian Travel Cluster, Inklu - Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.
NTC KICK OFF: AccessNorway er eit tre månadar langt program der reisemål, næringsliv, kommune og frivilligheit saman utforskar kva tilgjengelegheit kan bety for dykkar destinasjon — og legg grunnlaget for ei større og meir forpliktande satsing. Gjennom inspirasjon, testing i eige nærmiljø og fagleg rettleiing får de eit konkret bilete av kor de står og kvar de kan gå.
NTC KICK OFF: AccessNorway har løpande påmelding. Du melder deg på via skjema under. Ved spørsmål kan du ta kontakt med prosjektansvarleg Nikoline Halvorsen på nikoline@visittelemark.no eller fagansvarleg Elisa Ulfstedt på elisa.sevilla.ulfstedt@oystre-slidre.kommune.no.
Pris: 60 000,- eks. mva. SMBar som er medlemmer av NTC får 75 % avslag gjennom støtte frå Innovasjon Norge og Norwegian Innovation Clusters-programmet.
Det er avgrensa med plassar per år, og styringsgruppa til NTC med repsentantar frå NTC, fagmiljøet Inklu og Sunnaasstiftelsen vil vurdere søknadar etter motivasjon og variasjon på reisemåla som deltek, for å sikre at ei bredde av norsk reiseliv får erfaringar frå programmet når det kjem til geografi, samansetting av lokalt næringsliv, storleik på reisemålet, m.m.
Medlemmer av NTC som søkjer før 30. juni blir prioritert.


