Gå frå idé til praksis med NTC LAB: AccessNorway — eit seks månaders utviklingsprogram for destinasjonar som vil jobbe målretta med tilgjengeleg reiseliv.
Eit tilgjengeleg reisemål - frå ide til praksis
Å jobbe med tilgjengeleg reiseliv gir stor verdi — for lokalsamfunnet, for bedriftene og for dei reisande. Men det krev samla og målretta innsats. Den reisande vel ikkje berre eit hotell eller ei oppleving — dei vel ein heilskap. Det er samspelet mellom overnatting, transport, aktivitetar, offentlege rom og gjestemøtet som avgjer om dei kjem, og om dei kjem att. Difor må utviklinga skje i eit reisemålsperspektiv — på tvers av bedrifter, destinasjonsselskap og kommune — der alle dreg i same retning.
NTC LAB: AccessNorway gir dykk rettleiinga, verktøya og strukturen de treng for å omsette vilje til konkret utvikling — tilpassa dykkar ambisjonsnivå og ressursar.
Programmet er utvikla i eit samarbeid mellom Norwegian Travel Cluster, Inklu-Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.
NTC LAB: AccessNorway
NTC LAB: AccessNorway er eit seks månader langt utviklingsprogram der de arbeider som destinasjon og i eigne bedrifter etter ein konkret plan for å bli meir tilgjengeleg. Programmet kickstartar det faktiske arbeidet — tilpassa dykkar ståstad og ambisjonar — og byggjer eit samordna løft på tvers av næringsliv, destinasjonsselskap og kommune. Mange startar med NTC KICK OFF: AccessNorway og held fram hit.
Kva du får ved å delta:
- Oppstartsseminar — digitalt seminar med INKLU-Beitostølen som set ramma for programmet, sikrar felles forståing i gruppa og gir dykk eit solid fagleg fundament å byggje vidare på.
- Kartleggingsworkshop med tiltaksplan — ved hjelp av ei eiga verktøykasse de får tilgang til, med konkrete rettleiingar og tips tilpassa både bedrifter og reisemål, kartlegg de kundereisa på destinasjonen saman med ei lokal testgruppe. Resultatet er ein handlingsorientert tiltaksplan de faktisk kan bruke. Leia av INKLU.
- Kommunikasjonsworkshop — gjesten bestemmer seg gjerne for kvar dei skal dra lenge før dei set foten på staden. Det som ligg på nettsida og i kanalane dykkar er derfor avgjerande for om dei vel dykk. I denne workshopen får de hjelp til å utvikle konkret og truverdig informasjon om tilgjengelegheit — både på destinasjons- og bedriftsnivå — som gjer det lettare for dei rette gjestane å finne og velje dykk. Leia av INKLU.
- Godt vertskap — for alle — tilsette i reiselivet ønskjer å gjere ein god jobb, men kjenner seg usikre i møte med gjester med ulike behov. Det handlar sjeldan om vond vilje — men om mangel på kunnskap og tryggleik. I dette seminaret gir gjester med ulike funksjonsnedsettingar innsikt i korleis dei ønskjer å bli møtt, kva som gjer ein stor forskjell og kva som skaper unødvendige barrierar. De går heim tryggare i rolla. Leia av Sunnaasstiftelsen.
- Mentorrådgjeving i 10 timar — individuell rettleiing frå INKLU tilpassa dykkar destinasjon, der de får hjelp til å halde framdrift, løyse utfordringar undervegs og forankre arbeidet breitt på tvers av næring og offentleg sektor.
- B2B-webinar med NTC — alle destinasjonane og bedriftene i programmet samlas for å pitche sine opplevingar direkte til turoperatørar med spesielt fokus på tilgjengeleg reiseliv. Ein unik moglegheit til å nå nye marknader og vise fram det de har bygd.
Påmelding og pris
NTC LAB: AccessNorway har løpande påmelding. Du melder deg på via skjema under. Ved spørsmål kan du ta kontakt med prosjektansvarleg Nikoline Halvorsen på nikoline@visittelemark.no eller fagansvarleg Elisa Ulfstedt på elisa.sevilla.ulfstedt@oystre-slidre.kommune.no.
Pris: 100 000,- eks. mva. SMBar som er medlemmer av NTC får 75 % avslag og betaler 25 000,- gjennom støtte frå Innovasjon Norge og Norwegian Innovation Clusters-programmet.
Det er avgrensa med plassar per år, og styringsgruppa til NTC med repsentantar frå NTC, fagmiljøet Inklu og Sunnaasstiftelsen vil vurdere søknadar etter motivasjon og variasjon på reisemåla som deltek, for å sikre at ei bredde av norsk reiseliv får erfaringar frå programmet når det kjem til geografi, samansetting av lokalt næringsliv, storleik på reisemålet, m.m.
Medlemmer av NTC som søkjer før 30. juni blir prioritert.
Krav til deltaking:
- Å vere eit destinasjonsselskap med samarbeids- eller medlemsavtalar med næringsliv og kommune
- Intensjonsavtalar med 5–10 bedrifter som ønskjer å delta
- Å ha ein fast kontaktperson og forankring i leiinga
- Å forplikte seg til aktiv deltaking gjennom heile programperioden