
Visit Sognefjord inviterte i april 2026 Sunnaasstiftelsen til å reise gjennom destinasjonen for å teste ut reisekjeda og kartlegge behov.
Det viktigaste funnet frå turen er ikkje fysiske barrierar, men informasjonshol. Mange bedrifter er allereie godt tilrettelagde – dei fortel det berre ikkje til gjestane. Omgrep som «tilgjengeleg» og «tilrettelagt» seier lite i seg sjølv. Det som faktisk hjelper er konkret informasjon om adkomst, tersklar, heis, HC-toalett og romutforming – gjerne med bilete som viser dei faktiske forholda.
– Vi har mange som har tilrettelagde tilbod, men som ikkje marknadsførar dette. Det er det me først og fremst må ta tak i, fortel Ellen Fivelstad i Visit Sognefjord.
Kartlegginga viser at nokre av dei beste opplevingane kom frå aktørar som hadde gjort enkle grep. Vik Adventure tok kontakt på førehand for å kartleggje behov og tilpassa aktiviteten individuelt. De Heiberske Samlinger er den einaste aktøren i kartlegginga med grundig og ærleg tilgjengeligheitsinformasjon på eiga nettside – noko som gav gjesten eit realistisk bilete av kva som var mogleg, og skapte auka tryggleik og betre planlegging.
Det er òg verdt å merke seg at assistanse som er bestilt på førehand ikkje alltid når fram til dei som faktisk skal gje hjelpa – anten det gjeld tog, buss eller flyplass. For reisemål og operatørar er det ein påminnar om kor viktig det er med tydelege interne rutinar.
Erfaringane i Sognefjorden peikar på fleire tiltak som er enkle å gjennomføre, men som gjer stor skilnad i praksis:
Sognefjorden er ein kompakt og oversiktleg destinasjon med høg vilje til å hjelpe, og mange opplevingar som fungerer godt i praksis. Det same er truleg tilfelle på mange norske reisemål. Utfordringa er ikkje alltid å byggje nytt – det er å kommunisere det ein allereie har, og sørgje for at rutinane held heile reisekjeda saman.
Tilgjengeleg reiseliv handlar ikkje berre om bygg og ramper. Det handlar om haldningar, informasjon og forventningar.
.jpeg)
