
Visit Voss inviterte i november 2025 Sunnaasstiftelsen til å kartleggje tilgjengelegheit hos utvalte reiselivsaktørar på destinasjonen.
Besøket var ein del av AccessNorway, eit samarbeid mellom Norwegian Travel Cluster, Inklu-Beitostølen og Sunnaasstiftelsen, der alle reisemåla i Norwegian Travel Cluster deltek. Med støtte frå BUFDIR utvikla partnarane i 2025 ei verktøykasse som hjelper bedrifter og reisemål til å jobbe trinn for trinn mot eit meir tilgjengeleg tilbod. Fysiske besøk som dette er ein sentral del av metoden.
Voss har eit sterkt utgangspunkt. Aktørar som Vossabadet, Elva Hotel og Voss Vind har allereie gode fysiske løysingar på plass: trinnfri tilkomst, heis, HC-garderober og tilrettelagde aktivitetar. Voss sentrum er oversiktleg, med brei fortauskant og god framkomst frå Vossavangen til stasjonen.
Utfordringa er den same som går att på reisemål etter reisemål: informasjonen når ikkje ut til gjestane. Ord som «rullestolvennleg» og «tilpassa» seier lite i seg sjølv. Det gjestane treng er konkret informasjon om dørbreidder, heis, HC-toalett og romutforming – gjerne med bilete som viser dei faktiske forholda.
Kartlegginga peika på fleire tiltak som kostar lite, men betyr mykje i praksis: knaggar bør plasserast i sittehøgde, dører bør ha handtak på innsida slik at dei kan lukkast frå rullestol, og dusjkrakk og hånddusj i sittehøgde i vanlege garderober kan redusere ventetid på HC-garderobe. Vossabadet sitt terapibasseng med integrert heis er eit godt døme på ei løysing som er verdt å løfte fram – men som i dag er lite kjend fordi det ikkje er omtala på nettsida.
Det viktigaste tiltaket etter besøket er at Visit Voss har utvikla ei eiga tilgjengelegheitsside etter mal frå verktøykassen til Inklu: voss-bygd-alle. Her samlar dei informasjon om kva som finst på destinasjonen, skildrar reisekjeda og løftar fram aktørar som har gode løysingar.
Dette er eit grep alle destinasjonar kan starte med – og det treng ikkje vere ferdig for å publiserast. Poenget er å kome i gang, vise kva ein faktisk tilbyr, og byggje ut sida i takt med at arbeidet skrir fram. Ei slik side gjer planlegging enklare, skapar realistiske forventningar og aukar tilliten til destinasjonen.
– Å utvikle ein tilgjengelegheitsguide handlar ikkje om å vere tilpassa på alle moglege måtar. Det viktigaste er å kome i gang og vise kva ein kan tilby og ikkje, heiter det i verktøykassen frå AccessNorway.

