Først med å finne løysingane for framtida si reiselivsnæring
Foto: Espen E. Søreng
Det som best kan løysast lokalt, løyser me lokalt - det som best kan løysast saman, løyser me også saman
Norwegian Travel Cluster er eit nasjonalt reiselivssamarbeid for alle reisemåla i Noreg som har forplikta seg til ei berekraftig utvikling gjennom Merkeordninga «Berekraftig Reisemål». Her arbeider ein frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør med å løfte og løyse utfordringar og moglegheiter som er større enn kvart enkelt reisemål.
Norwegian Travel Cluster er ein del av det nasjonale klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters, og er ei vidareføring av Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling (NDBR).
Er di destinasjon klar for KI-framtida? NTC LAB: KI-klare destinasjonar er eit eittårig program der de får teste nye verktøy, nå gjesten på nye måtar og ta ei leiande rolle i framtidas reiseliv.
Gå frå idé til praksis med NTC LAB: AccessNorway — eit seks månaders utviklingsprogram for destinasjonar som vil jobbe målretta med tilgjengeleg reiseliv.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.