Støttar organisasjonen din destinasjonsselskapet i det lokale utviklingsarbeidet? Då kan de bli utviklingspartnar i NTC.
Utviklingspartnarskap er for organisasjonar som samarbeider tett med eit destinasjonsselskap i utviklingsarbeidet av reisemålet – til dømes næringshagar, næringsforeiningar og liknande. Det er destinasjonsselskapet som inviterer inn sine utviklingspartnarar, når dei ser det som hensiktsmessig for arbeidet og oppgåvene dei gjennomfører lokalt.
Som utviklingspartnar får organisasjonen tilgang til dei same fordelane som destinasjonsselskapet som har invitert dei inn – men utan eigarrettar i samarbeidet. Det inneber mellom anna at medlemskapet ikkje gir stemmerett på årsmøtet, eller plass i LeiarForum og eigarmøte.
15,000 kr per år.
Som utviklingspartnar får de mellom anna:
Møteplassar og nettverk
Kompetanse og ressursar
Utvikling og marknadsplattformar
Som utviklingspartnar har de tilgang til utviklings- og marknadsplattformar til rabatterte prisar gjennom klyngeprogrammet:
Enkelte av aktivitetane involverer eigenfinansiering utover medlemskapsavgifta.
Ta kontakt med destinasjonsselskapet i ditt område for å melde di interesse som utviklingspartnar.
Kjernemedlemskap er for organisasjonar som er prosjekteigar for Merket Berekraftig Reisemål, og gir eigarrettar i Noregs einaste offisielle reiseliv.
Er de eit destinasjonsselskap utan Merket for Berekraftig Reisemål? Sjå korleis de likevel kan bli medlem i NTC.
Kommunen er ein sentral premissgivar for reiselivet. Sjå korleis kommunen kan ta del i det nasjonale reiselivsfellesskapet.
Skal Noreg lykkast med berekraftig reiseliv, må me byggje eit nasjonalt fellesskap. Sjå kva rolle fylkeskommunen kan spele i NTC.
Er de eit fag- eller kompetansemiljø innan reiseliv? Sjå korleis de kan bli partnar i NTC.