Kommunar

Kommunen er ein sentral premissgivar for reiselivet. Sjå korleis kommunen kan ta del i det nasjonale reiselivsfellesskapet.

Kommunen er ein sentral premissgivar for reiselivet – gjennom arealplanlegging, vertskap, besøksforvaltning og lokal næringsutvikling. Reiseliv handlar i stadig større grad om lokalsamfunnsutvikling, og dei to er no så tett kopla saman at dei ikkje kan skiljast. Ein god stad å bu er ein god stad å besøke – det handlar om sosiale møteplassar, aktivitetar, tilbod, god besøksforvaltning og å sikre riktige grenser for vekst. Spørsmåla er mange, og det er gjerne krevjande å stå i møte med desse åleine i ein kommune. NTC tilbyr difor eit eige deltakarskap for kommunar, anten direkte eller ved invitasjon frå eige destinasjonsselskap.

Kven

Deltakarskapet er ope for kommunar, anten på eige initiativ eller ved invitasjon frå destinasjonsselskapet dei høyrer til. Kontaktperson er gjerne den som har ansvar for næring, samfunnsutvikling eller planarbeid i kommunen, men me oppmodar til å involvere breitt der det er hensiktsmessig ut frå tematikk.

Kva

Som deltakar er kommunen med som samarbeidspartnar, med mål om å styrkje koblinga mellom kommunen og det lokale reiselivsarbeidet – med utgangspunkt i lokale behov og lokalt eigarskap.

Pris

15 000 kr per år.

Kvifor bli medlem?

Som deltakar får kommunen:

  • Tilgang på verktøy som gjer det lokale arbeidet enklare
  • Tilgang på eit nasjonalt og internasjonalt fagfellesskap
  • Tilgang på kompetanse og rettleiing tilpassa kommunen sitt behov

Kva får du?

Møteplassar og nettverk

  • Eige diskusjonsforum for kommunar i NTC
  • VertsKommunen – den nasjonale konferansen for det lokale reiselivet
  • Årleg møteplass saman med reiselivsnæringa

Kompetanse og ressursar

  • Eigne kurs i BerekraftsAkademiet, tilpassa kommunen
  • Rettleiarar og verktøy som støttar det lokale arbeidet
  • Rettleiing og sparring på tema kommunen har spørsmål om
  • Kopling mot nasjonale og internasjonale fagmiljø
  • Destinasjonane sin verktøykasse

Utviklingsprosjekt

  • Involvering i utviklingsprosjekt der det er relevant for kommunen

Interessert?

Ta kontakt med ditt destinasjonsselskap.

Kjernepartnarar - organisasjonar som eig Merket "Berekraftig Reisemål"

Kjernemedlemskap er for organisasjonar som er prosjekteigar for Merket Berekraftig Reisemål, og gir eigarrettar i Noregs einaste offisielle reiseliv.

Utviklingspartnar - organisasjonar som støttar opp om kjernepartnarar i det lokale utviklingsarbeidet

Støttar organisasjonen din destinasjonsselskapet i det lokale utviklingsarbeidet? Då kan de bli utviklingspartnar i NTC.

Destinasjonsselskap (Utan Merket for Berekraftig Reisemål")

Er de eit destinasjonsselskap utan Merket for Berekraftig Reisemål? Sjå korleis de likevel kan bli medlem i NTC.

Fylkeskommunar

Skal Noreg lykkast med berekraftig reiseliv, må me byggje eit nasjonalt fellesskap. Sjå kva rolle fylkeskommunen kan spele i NTC.

Andre medlemskap

Er de eit fag- eller kompetansemiljø innan reiseliv? Sjå korleis de kan bli partnar i NTC.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.