Kjernemedlemskap er for organisasjonar som er prosjekteigar for Merket Berekraftig Reisemål, og gir eigarrettar i Noregs einaste offisielle reiseliv.
Reiselivet står midt i store endringar – frå KI og delt datainfrastruktur til krav om berekraft og tilgjengelegheit. Ingen destinasjon løyser dette åleine.
Som medlem av Norwegian Travel Cluster blir de del av eit nasjonalt fellesskap der reisemåla sjølve set premissane – ikkje omvendt. Saman byggjer me kompetanse, verktøy og standardar som den enkelte destinasjon verken har tid eller ressursar til å utvikle på eiga hand.
Me trur på at destinasjonane sine stemmer er sterkast når sektoren står samla. Difor jobbar NTC for felles posisjonar overfor styresmakter og verkemiddelapparat, deler kunnskap på tvers av landet, og byggjer opp den tillita som må liggje til grunn før teknologi og datadeling kan gi verdi for heile næringa.
Å vere medlem betyr å stå saman med over 50 destinasjonar som deler same forplikting: at reiselivet skal utviklast på lokalsamfunnet sine premissar, i ei berekraftig retning, over tid.
Kjernepartnarskap er for organisasjonar som er prosjekteigar for Merket «Berekraftig Reisemål», og som difor svarer ut krava dette inneber – mellom anna samarbeidsavtalar med næringsliv og kommune, forplikting til heilskapleg utvikling innanfor alle berekraftsdimensjonane, og kartlegging av utviklinga i ei berekraftig retning i eit langsiktig perspektiv.
Som kjernemedlem er organisasjonen ein av eigarane av samarbeidet, og har difor også eigarrettar. Dette inkluderer mellom anna deltaking i LeiarForum, stemmerett på årsmøtet, m.m., etter organisasjonens styringsprinsipp.
30 000 kr per år (frå og med 2027). Inntil 50 % kan fakturerast tilbake gjennom eigeninnsats.
Som medlem får de mellom anna:
Møteplassar og nettverk
Kompetanse og ressursar
Utvikling og marknadsplattformar
Som medlem har du eksklusiv førsterett til utviklings- og marknadsplattformar til rabatterte prisar gjennom klyngeprogrammet:
Enkelte av aktivitetane involverer eigenfinansiering utover medlemskapsavgifta.
Ta kontakt med oss for å melde di interesse, eller for ein uforpliktande prat.
Støttar organisasjonen din destinasjonsselskapet i det lokale utviklingsarbeidet? Då kan de bli utviklingspartnar i NTC.
Er de eit destinasjonsselskap utan Merket for Berekraftig Reisemål? Sjå korleis de likevel kan bli medlem i NTC.
Kommunen er ein sentral premissgivar for reiselivet. Sjå korleis kommunen kan ta del i det nasjonale reiselivsfellesskapet.
Skal Noreg lykkast med berekraftig reiseliv, må me byggje eit nasjonalt fellesskap. Sjå kva rolle fylkeskommunen kan spele i NTC.
Er de eit fag- eller kompetansemiljø innan reiseliv? Sjå korleis de kan bli partnar i NTC.