Destinasjonsselskap (Utan Merket for Berekraftig Reisemål")

Er de eit destinasjonsselskap utan Merket for Berekraftig Reisemål? Sjå korleis de likevel kan bli medlem i NTC.

Er de eit destinasjonsselskap utan Merket for Berekraftig Reisemål? Då kan de likevel bli medlem i eit samarbeid der de er med og formar Noregs einaste offisielle reiselivsklynge, saman med over 50 destinasjonar frå heile landet.

Reiselivet står midt i store endringar – frå KI og delt datainfrastruktur til krav om berekraft og tilgjengelegheit. Ingen destinasjon løyser dette åleine.

Som medlem av Norwegian Travel Cluster blir de del av eit nasjonalt fellesskap der reisemåla sjølve set premissane – ikkje omvendt. Saman byggjer me kompetanse, verktøy og standardar som den enkelte destinasjon verken har tid eller ressursar til å utvikle på eiga hand.

Me trur reiselivsnæringa og reisemåla har størst sjanse til å lukkast når ein står samla, og løfter dei sakene som er større enn kvar enkelt.

Kven

Medlemskapet er for destinasjonsselskap som ikkje er prosjekteigar for Merket «Berekraftig Reisemål». Me ventar likevel at medlemsselskapa jobbar etter dei same forpliktingane som gjeld for merkeordninga – mellom anna samarbeidsavtalar med næringsliv og kommune, forplikting til heilskapleg utvikling innanfor alle berekraftsdimensjonane, og kartlegging av utviklinga i ei berekraftig retning i eit langsiktig perspektiv.

Kva

Som medlem får destinasjonsselskapet dei same fordelane som kjernepartnarane, men utan eigarrettar i samarbeidet – det inneber mellom anna at medlemskapet ikkje gir stemmerett på årsmøtet eller plass i LeiarForum.

Pris

30 000 kr per år. Medlemskapet gir ikkje høve til å fakturere tilbake gjennom eigeninnsats.

Kvifor bli medlem?

Som medlem får de mellom anna:

  • Tilgang til eit nasjonalt og internasjonalt nettverk av destinasjonar og fagmiljø
  • Faglege møteplassar og arenaer for erfaringsdeling på tvers av landet
  • Rabatterte prisar på kurs, seminar og kompetanseheving
  • Førsterett og gunstige vilkår på utviklings- og marknadsplattformar
  • Sparring og mentorstøtte i eige merkings- og utviklingsarbeid
  • Felles gjennomslagskraft i å løfte stemma og erfaringane i det lokale reiselivet

Kva får du som medlem?

Møteplassar og nettverk

  • Berekraftskaffien – vårt månadlege, digitale partnarmøte for medlem med si destinasjonsleiing
  • NTC workshop – årleg fysisk samling
  • VertsKommunen – den nasjonale konferansen for det lokale reiselivet, årleg og digital
  • Arendalsveka – vår felles reiselivsarena
  • Fokusgrupper – felles samarbeids- og utviklingsgrupper
  • Nasjonalt og internasjonalt nettverk – mellom anna GSTC og EDIH Oceanopolis

Kompetanse og ressursar

  • BerekraftsAkademiet – felles digital kurs- og kompetanseplattform, med 60 % rabatt frå marknadspris
  • Destinasjonane sin verktøykasse – KommunikasjonsLøftet, The Modern Viking, prosessverktøy for Merket for Berekraftig Reisemål, AccessNorway-handbøker, handbok for villcamping/fricamping, felles innsiktsplattform, malverk for Berekraftig Reisemål, med meir
  • Rabatterte prisar på seminar for medlemmene dykkar
  • Mentorordning – sparringspartnar for førstegongsmerking, re-merking og andre relevante tema

Utvikling og marknadsplattformar

Som medlem har du eksklusiv førsterett til utviklings- og marknadsplattformar til rabatterte prisar gjennom klyngeprogrammet:

  • Norske matdestinasjonar – lokalmat- og drikkeopplevingar
  • AccessNorway – mot eit tilgjengeleg reiseliv
  • KI og ny teknologi – innsiktsplattform, AI policy, med meir
  • Camping – Den norske campingguiden, med meir

Enkelte av aktivitetane involverer eigenfinansiering utover medlemskapsavgifta.

Interessert?

Ta kontakt med oss for å melde di interesse, eller for ein uforpliktande prat.

Kjernepartnarar - organisasjonar som eig Merket "Berekraftig Reisemål"

Kjernemedlemskap er for organisasjonar som er prosjekteigar for Merket Berekraftig Reisemål, og gir eigarrettar i Noregs einaste offisielle reiseliv.

Utviklingspartnar - organisasjonar som støttar opp om kjernepartnarar i det lokale utviklingsarbeidet

Støttar organisasjonen din destinasjonsselskapet i det lokale utviklingsarbeidet? Då kan de bli utviklingspartnar i NTC.

Kommunar

Kommunen er ein sentral premissgivar for reiselivet. Sjå korleis kommunen kan ta del i det nasjonale reiselivsfellesskapet.

Fylkeskommunar

Skal Noreg lykkast med berekraftig reiseliv, må me byggje eit nasjonalt fellesskap. Sjå kva rolle fylkeskommunen kan spele i NTC.

Andre medlemskap

Er de eit fag- eller kompetansemiljø innan reiseliv? Sjå korleis de kan bli partnar i NTC.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.