Andre medlemskap

Er de eit fag- eller kompetansemiljø innan reiseliv? Sjå korleis de kan bli partnar i NTC.

I reiselivet har me eit felles mål om auka verdiskaping – der me skaper gode lokalsamfunn for menneske, besøkjande, næringsliv, natur og miljø. Skal me lykkast med dette, må me samle alle krefter som dreg i same retning. Difor er NTC opne for fag- og kompetansemiljø, nettverk og større aktørar som ønskjer å bidra inn i og dra nytte av det nasjonale samarbeidet.

Kven

Denne partnarskapen er for organisasjonar som ikkje høyrer heime under dei andre medlemskategoriane – til dømes høgskular, fagskular og universitet, kompetansemiljø og -nettverk, brukarorganisasjonar, og større reiselivsbedrifter som dekker meir enn fem destinasjonar. Organisasjonen må på eit eller anna vis ha forplikta seg til dei tre berekraftsdimensjonane – miljø, samfunn og økonomi.

Kva

Som partnar får organisasjonen tilgang til verktøy, ressursar og nettverk som er utvikla nasjonalt, og blir prioritert inn i utviklingsprosjekt i NTC sin regi. NTC ønskjer også å vera ein viktig partnar inn i partnarane sine eigne arbeid, der dette bygger opp om langsiktig berekraftig utvikling med verdi for ein storpart av våre destinasjonar med deira bedrifter.

Pris

15 000 kr per år.

Kvifor bli partnar?

Som partnar får de mellom anna:

  • Tilgang til eit nasjonalt og internasjonalt nettverk av destinasjonar og fagmiljø
  • Faglege møteplassar og arenaer for erfaringsdeling på tvers av landet
  • Høve til å dele eigen kunnskap og erfaring inn i eit nasjonalt reiselivsfellesskap
  • Rabatterte prisar på kurs, seminar og kompetanseheving
  • Førsterett og gunstige vilkår på utviklings- og marknadsplattformar
  • Er med på å støtte opp om eit større, heilskapleg reiselivssamarbeid

Kva får du som partnar?

Møteplassar og nettverk

  • Berekraftskaffien – vårt månadlege, digitale partnarmøte for medlem med si destinasjonsleiing
  • NTC workshop – årleg fysisk samling
  • VertsKommunen – den nasjonale konferansen for det lokale reiselivet, årleg og digital
  • Invitasjon inn i arbeidsgrupper, der relevant
  • Nasjonalt og internasjonalt nettverk – mellom anna GSTC og EDIH Oceanopolis

Kompetanse og ressursar

  • BerekraftsAkademiet – felles digital kurs- og kompetanseplattform
  • Destinasjonane sin verktøykasse – KommunikasjonsLøftet, The Modern Viking, prosessverktøy for Merket for Berekraftig Reisemål, AccessNorway-handbøker, handbok for villcamping/fricamping, felles innsiktsplattform, malverk for Berekraftig Reisemål, med meir
  • Rabatterte prisar på seminar for medlemmene dykkar

Utvikling og marknadsplattformar

Som partnar vil de bli prioriterte som partnarar i våre utviklings- og marknadsplattformar, som mellom anna:

  • Norske matdestinasjonar – lokalmat- og drikkeopplevingar
  • AccessNorway – mot eit tilgjengeleg reiseliv
  • KI og ny teknologi – innsiktsplattform, AI policy, med meir
  • Camping – Den norske campingguiden, med meir

Enkelte av aktivitetane involverer eigenfinansiering utover medlemskapsavgifta.

Interessert?

Ta kontakt med oss for å melde di interesse, eller for ein uforpliktande prat.

Kjernepartnarar - organisasjonar som eig Merket "Berekraftig Reisemål"

Kjernemedlemskap er for organisasjonar som er prosjekteigar for Merket Berekraftig Reisemål, og gir eigarrettar i Noregs einaste offisielle reiseliv.

Utviklingspartnar - organisasjonar som støttar opp om kjernepartnarar i det lokale utviklingsarbeidet

Støttar organisasjonen din destinasjonsselskapet i det lokale utviklingsarbeidet? Då kan de bli utviklingspartnar i NTC.

Destinasjonsselskap (Utan Merket for Berekraftig Reisemål")

Er de eit destinasjonsselskap utan Merket for Berekraftig Reisemål? Sjå korleis de likevel kan bli medlem i NTC.

Kommunar

Kommunen er ein sentral premissgivar for reiselivet. Sjå korleis kommunen kan ta del i det nasjonale reiselivsfellesskapet.

Fylkeskommunar

Skal Noreg lykkast med berekraftig reiseliv, må me byggje eit nasjonalt fellesskap. Sjå kva rolle fylkeskommunen kan spele i NTC.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.