Skal Noreg lykkast med berekraftig reiseliv, må me byggje eit nasjonalt fellesskap. Sjå kva rolle fylkeskommunen kan spele i NTC.
Deltakarskapet er for fylkeskommunar med ansvar for regional nærings- og reisemålsutvikling. Kontaktperson er den reiselivsansvarlege i fylkeskommunen, men me oppmodar til å involvere breitt i eigen organisasjon der det er hensiktsmessig ut frå tematikk.
Som deltakar er fylkeskommunen med som samarbeidspartnar, med mål om å tette samarbeidet mellom reiselivsnæringa og fylkeskommunen nasjonalt – med utgangspunkt i lokale behov. Det me kan løyse best lokalt, løyser me lokalt. Det me kan løyse best i fellesskap, løyser me i fellesskap. Det stillest ikkje krav til timeinnsats, men fylkeskommunen er venta å involvere seg i dei satsingsområda som er viktige for eige fylke. Slik blir deltakinga vinn-vinn, og styrkjer det lokale arbeidet.
30 000 kr per år (frå 2027). Ut 2026 gjeld halv pris.
Som deltakar får fylkeskommunen:
Møteplassar og nettverk
Kompetanse og ressursar
Utvikling og marknadsplattformar
Enkelte av aktivitetane involverer eigenfinansiering utover medlemskapsavgifta.
Ta kontakt med oss for meir informasjon om deltakarskap for fylkeskommunar.
Kjernemedlemskap er for organisasjonar som er prosjekteigar for Merket Berekraftig Reisemål, og gir eigarrettar i Noregs einaste offisielle reiseliv.
Støttar organisasjonen din destinasjonsselskapet i det lokale utviklingsarbeidet? Då kan de bli utviklingspartnar i NTC.
Er de eit destinasjonsselskap utan Merket for Berekraftig Reisemål? Sjå korleis de likevel kan bli medlem i NTC.
Kommunen er ein sentral premissgivar for reiselivet. Sjå korleis kommunen kan ta del i det nasjonale reiselivsfellesskapet.
Er de eit fag- eller kompetansemiljø innan reiseliv? Sjå korleis de kan bli partnar i NTC.