Gå frå idé til praksis — eit intensivt utviklingsløp som tek matdestinasjonen dykkar frå identitet til pitch mot marknaden.
Med grunnlaget frå NTC KICK OFF — eller eigen kunnskap om destinasjonen frå før — er de klare for å ta neste steg. NTC LAB: Norske matdestinasjonar er eit intensivt utviklingsløp der reisemål og lokale bedrifter saman byggjer ein heilskapleg identitet, utviklar attraktive produkt, og gjer seg klare til å ta destinasjonen ut i den internasjonale marknaden.
Programmet er utvikla i eit samarbeid mellom Norwegian Travel Cluster og Hanen, med Høve Støtt som fagmiljø.
NTC LAB: Norske matdestinasjonar
NTC LAB: Norske matdestinasjonar er eit seks månaders utviklingsprogram for destinasjonar som vil jobbe målretta med å byggje ein sterk matdestinasjon. Gjennom seks workshopar fordelt over tre samlingar går de frå identitet og produktutvikling til storytelling, distribusjon og ein ferdig pitch — klare for vidare marknadsarbeid.
Kva du får ved å delta:
- DNA for destinasjonen — byggje ein heilskapleg identitet for matdestinasjonen.
- Produkt- og konseptutvikling — utvikle og vidareutvikle attraktive produkt.
- Storytelling — styrkje gjesteopplevinga gjennom historier knytt til råvarer, produsentar og stad.
- Tilgjengelegheit og distribusjon — utvikle gode produktbeskrivingar og salskanalar for bedriftene.
- Felles landingsside — kopla mot Visit Norway og «Norske matdestinasjonar».
- Kommersialisering og pitch — ferdigstille pitch for destinasjonen mot vidare marknadsarbeid.
Workshopane blir tilpassa reisemålet og bedriftene sitt behov.
Utbytte
- Ein heilskapleg identitet for regionen, knytt til destinasjonen sitt særpreg innan kultur, natur og lokalsamfunn
- Ei skisse og plan for vidare utvikling av fleire produkt og konsept i bedriftene og/eller i fellesskap
- Styrkt kompetanse på historieformidling knytt til matdestinasjonen og produkta de tilbyr
- Eit vegkart for dykkar matdestinasjon, med grunnlag for eit langsiktig samarbeid
- Gode produktbeskrivingar og styrkte salskanalar for bedriftene
- Ei felles landingsside kopla mot Visit Norway og «Norske matdestinasjonar»
- Ein ferdigstilt pitch, og ein destinasjon som er klar for neste steg: den internasjonale marknaden
Påmelding og pris
NTC LAB: Norske matdestinasjonar har løpande påmelding. Du melder deg på via skjema under. Ved spørsmål kan du ta kontakt med nettverksleiar Anita Svendheim på anita@nhryfylke.no.
Pris: 100 000,- eks. mva. Destinasjonar som er medlemmer av NTC får 75 % avslag gjennom støtte frå Innovasjon Norge og Norwegian Innovation Clusters-programmet, og betaler dermed ca. 25 000,- eks. mva.
Det er avgrensa med plassar, og styringsgruppa til NTC vil vurdere søknadar etter motivasjon og variasjon på reisemåla som deltek, for å sikre at ei bredde av norsk reiseliv får erfaringar frå programmet når det kjem til geografi, samansetting av lokalt næringsliv, storleik på reisemålet, m.m. Totalt 2 destinasjonar tek del i 2026.
Søknadsfrist 2026: 30. september.
Krav til deltaking:
- Å vere eit destinasjonsselskap med samarbeids- eller medlemsavtalar med næringsliv og kommune
- Intensjonsavtalar med 5–10 bedrifter som ønskjer å delta, i ein kombinasjon av bønder, reiseliv og gjerne handel. Det er anbefalt at også vertskommunen/ane er representert inn.
- Ein fast kontaktperson og forankring i leiinga
- Å forplikte seg til å arbeide mot krava som «norsk matdestinasjon»
- Å dekke lokale kostnadar knytt til prosjektet, utover det som er dekka i programbeskrivinga over. Dette inkluderer tilpassa møterom for seminar/workshops og lokale opplevingar knytt til brukarbesøk frå deltakande bedrifter (overnatting, servering, aktivitetar, transport, m.m.)
Eit samarbeidsprosjekt med
Hanen · Høve Støtt