Er de klare for å byggje dykkar matdestinasjon? Utforsk kva moglegheiter som ligg i lokalmat og reiseliv i samspel — for reisemålet dykkar.
Noreg har eit stort uforløyst potensial som matdestinasjon. Naturen vår sel Noreg internasjonalt, men mat og drikke er framleis underutvikla som grunn til å reise hit — sjølv om måltidturisten er ein særleg attraktiv gjest: høgt forbruk, låg miljøpåverknad, og ein som reiser heile året. Samstundes er innsatsen i dag ofte fragmentert, med mange gode initiativ men lita samordning mellom landbruk og reiseliv.
Ein matdestinasjon blir ikkje skapt av éi bedrift åleine — handel, reiseliv, landbruk, natur og kultur byggjer konkurransekrafta saman, i samspel med kvarandre. Å satse på lokalmat er ikkje berre god business for den einskilde bedrifta. Det skapar reisemål med ein tydelegare identitet og ei sterkare, meir heilårig verdiskaping.
Programmet er utvikla i eit samarbeid mellom Norwegian Travel Cluster og Hanen, med Høve Støtt som fagmiljø.
NTC KICK OFF: Norske matdestinasjonar er inngangsportalen til satsinga — der reisemål, næringsliv og kommune saman utforskar kva det vil seie å gjere mat og drikke til ein sterk del av reiselivsopplevinga, og legg grunnlaget for ei større og meir forpliktande satsing. Gjennom kartlegging, felles verktøy og fagleg rettleiing får de eit konkret bilete av kor de står i dag, og kva som skal til for å byggje ein sterk matdestinasjon.
NTC KICK OFF: Norske matdestinasjonar har løpande påmelding. Du melder deg på via skjema under. Ved spørsmål kan du ta kontakt med nettverksleiar Anita Svendheim på anita@nhryfylke.no.
Pris: 60 000,- eks. mva. Destinasjonar som er medlemmer av NTC får 75 % avslag gjennom støtte frå Innovasjon Norge og Norwegian Innovation Clusters-programmet, og betaler dermed ca. 15 000,- eks. mva.
Det er avgrensa med plassar per år, og styringsgruppa til NTC vil vurdere søknadar etter motivasjon og variasjon på reisemåla som deltek, for å sikre at ei bredde av norsk reiseliv får erfaringar frå programmet når det kjem til geografi, samansetting av lokalt næringsliv, storleik på reisemålet, m.m.
Søknadsfrist 2026: 30. september.
Hanen · Høve Støtt