
Er di destinasjon klar for KI-framtida? NTC LAB: KI-klare destinasjonar er eit eittårig program der de får teste nye verktøy, nå gjesten på nye måtar og ta ei leiande rolle i framtidas reiseliv.
Reiselivet står midt i eit skifte der kunstig intelligens endrar korleis gjestar søkjer, planlegg og opplever reisemål. Synlegheit blir i aukande grad styrt av KI-drevne plattformer, og konkurransen om merksemd blir både meir global og meir kompleks.
For å lykkast i denne utviklinga må vi løfte oss i fellesskap. Éin destinasjon åleine har avgrensa kraft – men saman kan vi bygge kompetanse, teste nye løysingar og sikre at Noreg står sterkt i den digitale konkurransen.
NTC LAB: KI-klare destinasjonar er eit eittårig program (januar–desember 2026) der destinasjonar jobbar saman for å forstå og ta i bruk kunstig intelligens i praksis. Gjennom programmet vil deltakarane utforske korleis framtidas nettsider, marknadsføring og kundereise bør utviklast, og teste nye måtar å nå og engasjere gjestar på – mellom anna ved å prøve ut nye typar innhald og informasjonsformidling gjennom plattformer som Mindtrip. Programmet gir òg tilgang til eit internasjonalt nettverk gjennom AI Opener leia av NAO Group, og legg til rette for pilotering av løysingar for betre samordning av data – både mot kunde og internt – i samarbeid med EDIH Oceanopolis. Dette er ei felles satsing for destinasjonar som ønskjer å lære, utvikle og posisjonere seg i møte med ei KI-driven framtid.
NTC LAB: KI-klare destinasjonar har løpande påmelding. Ta kontakt med prosjektansvarleg Kristoffer Paulsen på kristoffer@visitvestfold.no.
60,000,- eks mva. SMBar som er medlemmer av NTC får 75% avslag i prisen, gjennom støtte frå Innovasjon Norge og Norwegian Innovation Clusters-programmet.




