animasjonsfigurar av ulike personas knytt til vertskapsrolla
Foto: Anunatak
5.3.2025

Totalt 18 reisemål lanserer felles kurs- og kompetanseportal!

Gjennom to år skal dei samarbeide om å etablere BerekraftsAkademiet: landet sin fremste kurs- og kompetansebank for berekraftig reisemålsutvikling!

Vertskapet er norske reisemål sitt andlet utad i møte med norske og internasjonale turistar. Kunnskapen til desse vertane, anten dei arbeider i tradisjonelle reiselivsbedrifter, i handelsnæringa, frivilligheta, hjå kommunen eller hjå andre, er difor avgjerande for å sikre gode gjesteopplevingar, høgast mogleg lokal verdiskaping for lokalt næringsliv og god besøksstyring.

I ei tid der krav og behov for kunnskap er stadig høgare er det avgjerande å sikre at denne informasjonen kjem ut til personar i ei vertskapsrolle på deira premiss, på ein lett tilgjengeleg måte og i ei form som gjer det mogleg å gjennomføre i ein travel kvardag.

For 2025-26 har 18 reisemål på tvers av landet gått saman for å etablere ein felles digital kurs- og kompetansebank, der ein samlar ressursar og kunnskap for å skape informasjon av høgast mogleg kvalitet for vertskapet på norske reisemål. Her har en henta inn nokre av landet sine fremste fagmiljø på område som "det gode vertskap", "tilgjengeleg reiseliv", "norsk natur og kultur" og "norsk reiseliv" for å skape felles kurs. I tillegg kan reisemåla utvikle eigne lokale kurs.

BerekraftsAkademiet nyttar Motimate som e-læringsplattform, noko som gjera at kursa enkelt kan bli tatt via ein app på mobilen, der ein også får varsel kvar gong det er nytt innhald tilgjengeleg. Kvart kurs tek omlag 10-15 minutt, slik at dei lett kan gjennomførast i ledige tider. Det er også enkelt å oppdatere, dele og utvikle innhald på tvers for ulike aktørar som nyttar same plattformen.

Reisemåla som er med på piloten er: Lindesnes, Bergen, Hallingdal, Svalbard, Øst-Norge, Valdres, Vest-Telemark, Rjukan, Nordfjord, Akershus, Norefjell, Fjordkysten & Sunnfjord, Jotunheimen, Lyngenfjord, Voss, Kirkenes/Alta og Suldal.

Vil du vite meir om BerekraftsAkademiet? Ta kontakt med ditt reisemål for meir informasjon!

Andre aktueltsaker

Nettverkssamling for Merket for Bærekraftig Reisemål 2026
Årets samling går av stabelen den 17-19. mars i Sandefjord. Meld deg på her!
bilde av isdekt fjordlandskap med to personar som sit på ein benk
Over 60 organisasjonar har signert KommunikasjonsLøftet!
I mai 2025 lanserte NDBR og Innovasjon Norge eit KommunikasjonsLøfte, som er ei felles retning for korleis ein kommuniserer norske reisemål.
bilde av logoar til organisasjonane
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.