
77 deltakarar frå heile Noreg møttest til nettverksamling i mars for Merket for Berekraftig Reisemål og Norwegian Travel Cluster.
Samlingen, som går over to dagar og er eit samarbeid mellom Norwegian Travel Cluster og Innovasjon Norge, hadde to hovudtema i år: evaluering av Merket for Bærekraftig Reisemål og arbeid med klyngens fokusgrupper.
Den rykande ferske evalueringa av Merket for Bærekraftig Reisemål vart presentert, og gav grunnlag for gode innspelsdiskusjonar. Alle reisemåla ønskjer å løfte kvaliteten og nytteeffekten av merket, og det var tydeleg engasjement rundt korleis det kan forbetrast, fornyast og forenklast for å drive sterkare berekraftig utvikling på destinasjonane.
Samstundes vart det lagt opp til gruppesamtalar der deltakarane var med å setje retning for fokusgruppene i klyngen. Temaer som KI, campingturisme, destinasjonsledelse, besøksforvaltning, norske matdestinasjoner, cruise, tilgjengeleg reiseliv, trafikksikkerhet og marknadsutvikling stod på agendaen – og kompetansen i rommet var imponerande.
To fagleg sterke foredrag prega samlinga: ein etisk hackar gav ei skarp innføring i digital tryggleik, medan GroupNAO presenterte korleis framtidas destinasjonar bør tenkje. Bodskapen deira var enkel og inspirerande: stå opp kvar morgon og tenk på kva interessante og kjekke ting ein kan finne på i dag.
Vertskap for samlinga var Visit Vestfold, som synte fram Sandefjord på sitt aller beste – med samling på staselige Park Hotel, besøk på Grans Bryggeri og herskapelege Midtåsen.
Norwegian Travel Cluster har ny klyngestatus og er eigd og drive av over 50 destinasjonar. Samlinga viste at engasjementet er høgt og at samarbeidet vert sterkare.

