illustrasjon av seminartittel
10.3.2025

ReiselivsForum for campingnæringa: Frå synlegheit til sal!

Den 1. april inviterer reisemåla i NDBR inn til felles webinar for campingnæringa med informasjon, inspirasjon og praktiske tips og triks.

Tysdag 1. april kl 10-11 inviterer reisemåla i NDBR inn til første samling i vår digitale seminarserie for campingnæringa, der ein kombinerer fagleg innhald med inspirerande innlegg frå campingplassar over heile landet. Tema den 1. april er "Frå synlegheit til sal og meirsal -korleis bli bookbar?" Set av tida, logg deg på og bli med på ein inspirerande time i saman!

Om seminarserien

Campingturismen er i veks på tvers av heile landet, og utgjorde omlag 20% av alle kommersielle gjestedøgn i Noreg i 2023. Campingturisten overnattar 1/3 netter utanføre campingplassar i bubil eller telt, og nyttar  omlag 1000 kr mindre i gjennomsnitt per døgn enn gjennomsnittsturisten frå utlandet. I denne seminarserien inviterer ein inn campingplassar på tvers av landet for å hente felles inspirasjon, informasjon og praktiske tips og triks til korleis me i saman kan arbeide for å skape best moglege gjesteopplevingar, styrkje lokal verdiskaping per gjest og arbeide for ei heilårig og berekraftig campingnæring.

Program tysdag 1. april

  • 10:00: Visit Norway v/Marte Pettersen, prosjektleiar i Maverix for Visit Norway: Fra synlegheit til sal – korleis skape godeproduktbeskrivingar som bidreg til sal?
  • 10:15: CampIO v/Yngve Øye Løkås: Presentasjon av bookingløysing med erfaringar frå bedriftene
  • 10:30: Hamnsystem v/Robert Klouda: Presentasjon av bookingløysing med erfaringar frå bedriftene

Påmelding

Seminaret er ope for alle bedrifter som er knytt til reisemål som er medlem i NDBR.

Du melder deg på ved via dette skjemaet.

Har du spørsmål? Ta kontakt med ditt reisemål eller NDBR.

Andre aktueltsaker

Nettverkssamling for Merket for Bærekraftig Reisemål 2026
Årets samling går av stabelen den 17-19. mars i Sandefjord. Meld deg på her!
bilde av isdekt fjordlandskap med to personar som sit på ein benk
Over 60 organisasjonar har signert KommunikasjonsLøftet!
I mai 2025 lanserte NDBR og Innovasjon Norge eit KommunikasjonsLøfte, som er ei felles retning for korleis ein kommuniserer norske reisemål.
bilde av logoar til organisasjonane
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.