bilde av oppstilte deltakarar på workshop
Bilde: Distriktssenteret
29.5.2026

Reiselivet må vere med for å lukkast med besøksforvaltninga

Distriktssenteret har sett ned ei tverrfagleg gruppe for besøksforvaltning – og Norwegian Travel Cluster er med.

Korleis sikrar vi at besøksforvaltning handlar like mykje om moglegheiter for reiselivet – som om problem?

Det var spørsmålet Norwegian Travel Cluster tok med seg då Distriktssenteret samla departement, offentlege aktørar og FoU-miljø til arbeidsverkstad om besøksforvaltning i Leikanger. NDBR var invitert inn for å representere verdiskapingsperspektivet, med Arne-Jørgen Skurdal frå Visit Øst-Norge og Line Renate Samuelsen frå Destinasjon Lofoten som stemmer frå reisemål med ulike utfordringar og moglegheiter knytt til tematikken.

God besøksforvaltning krev at ein ser natur-, lokalsamfunns- og verdiskapingsperspektivet i samanheng. Reiselivet er ikkje berre ein del av utfordringa – det er ein heilt nødvendig del av løysinga. Destinasjonsselskapa sit på kunnskap om gjestane, reisemønster og lokale forhold som er avgjerande for å utvikle heilskaplege og berekraftige forvaltningsmodellar.

Difor er det viktig at reisemåla og det lokale reiselivet er representerte der desse diskusjonane finn stad – ikkje berre som høyringspart, men som aktive medskaparar. Norwegian Travel Cluster ser fram mot det vidare arbeidet.

‍

Andre aktueltsaker

Nye vertskapskurs for eit meir ansvarleg og berekraftig reiseliv
Norwegian Travel Cluster lanserer fire nye vertskapskurs om natur, tryggleik og ansvarleg ferdsel i BerekraftsAkademiet.
bilde av kursa inne i plattformen
Destinasjonsselskapa si rolle på agendaen i Nærings- og fiskeridepartementet
Representantar frå destinasjonsselskap over heile landet møtte statssekretær Siri Martinsen for å løfte fram reisemåla si rolle i framtidas reiseliv.
Bilde av deltakarar i møtet i trapp
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.