
Norwegian Travel Cluster har, gjennom AccessNorway-samarbeidet, utvikla ei praktisk verktøykasse som hjelper reisemål og reiselivsbedrifter.
Prosjektet er gjennomført i samarbeid mellom Norwegian Travel Cluster (NDBR), Inklu-Beitostølen og Sunnaasstiftelsen, og er forankra i forskingsprosjektet AccessTour. Verktøykassen er testa ut på pilotdestinasjonane Voss og Sognefjord, og er no tilgjengeleg for alle reisemål i Norwegian Travel Cluster.
Verktøykassen består av tre delar:
Tilgjengelighetsguide for destinasjonar er ein felles mal for korleis reisemål kommuniserer tilgjengelegheit på eigne nettsider – strukturert etter kundereisa frå planlegging til heimreise. Målet er at informasjonen skal vere lett å finne, lett å forstå og lett å stole på.
Accessibility Plan for destinasjonar er eit trinn-for-trinn prosessverktøy med over 50 konkrete tiltak, der reisemålet vel ut det som gir størst effekt lokalt. Verktøyet dekker organisering, kommunikasjon og fysisk tilrettelegging, og er bygd for å passe inn i eksisterande planarbeid – til dømes handlingsplanen for Merket Bærekraftig Reisemål.
Accessibility Plan for reiselivsbedrifter gir hotell, aktivitetsleverandørar og andre bedrifter eit tilsvarande rammeverk for å jobbe systematisk med tilgjengelegheit over tid. Her ligg det vekt på at tilgjengelegheit ikkje er eit eingongsprosjekt, men ein langsiktig standard for kvalitet.
Eit gjennomgåande poeng i heile verktøykassen er at ein ikkje treng store ressursar for å starte. Mange reisemål har allereie gode tilbod – dei fortel det berre ikkje til gjestane. Å publisere ærleg og konkret tilgjengelegheitsinformasjon, med bilete og faktiske mål, er gjerne det enkeltgrepet som monnar mest.
Erfaringane frå pilotane på Voss og Sognefjord viser at terskelen for å starte opp arbeidet har blitt lågare. Fleire reisemål har teke kontakt og ønskjer å gå i gang med eit fullt utviklingsløp knytt til tilgjengeleg reiseliv.
Personar med funksjonsnedsetjing er allereie aktive reisande med betydeleg kjøpekraft. Saman med ein aldrande befolkning og fleire gjestar med ulike tilgjengelegheitsbehov aukar kundegrunnlaget. Bedrifter og reisemål som kommuniserer tilgjengelegheit tydeleg, vil vere betre rusta til å møte denne veksande marknaden – og byggje ein merkevare som handlar om kvalitet og inkludering.

