konferanserom med deltakarar
Foto: Privat
4.3.2025

Norske reisemål samlar seg i møte med ny teknologi og KI!

Den 19. februar samla reisemål frå heile Noreg seg. Målet var å sjå korleis reisemåla kan stå styrkja saman i møte med ny teknologi og KI.

Utviklinga av ny teknologi og KI går i rekordfart, med der verktøy og informasjonskanalar som mellom anna vil endre korleis reisande henter inspirasjon, informasjon og bestiller sine turar. I den raske utviklinga må destinasjonane og reiselivsbedriftene posisjonere seg for å sikre eigarskap til informasjon, innsikt og data, noko som vidare vil vera premissgivande for å sikre størst mogleg lokal verdiskaping og god besøksstyring.

Med dette som ramme samla NDBR destinasjonar og kunnskapsmiljø frå heile landet seg til felles workshop på Gardermoen onsdag 19. februar. Tema for samlinga var:

  • Korleis vil informasjonssystem og marknadsmakt i reiselivet endre seg i møte med ny teknologi og KI?
  • Korleis sikrar me lokalt eigarskap til produkt, informasjon og kunde i møte med desse endringane?
  • Kva moglegheiter for auka konkurransekraft for reisemål og bedrifter ser ein i møte med desse endringane?
  • Kva grep må reisemåla ta for at desse endringane bygger opp om, og ikkje hemmer, arbeid for berekraftig reisemålsutvilking, god besøksstyring og størst mogleg lokal verdiskaping?

Workshopen danna grunnlaget for eit felles vegkart for korleis NDBR og reisemåla som engasjerer seg til satsinga vil arbeide inn mot desse moglegheitene og utfordringane, i tillegg til kvart reisemål sine eigne lokale initiativ.

Andre aktueltsaker

Nye vertskapskurs for eit meir ansvarleg og berekraftig reiseliv
Norwegian Travel Cluster lanserer fire nye vertskapskurs om natur, tryggleik og ansvarleg ferdsel i BerekraftsAkademiet.
bilde av kursa inne i plattformen
Destinasjonsselskapa si rolle på agendaen i Nærings- og fiskeridepartementet
Representantar frå destinasjonsselskap over heile landet møtte statssekretær Siri Martinsen for å løfte fram reisemåla si rolle i framtidas reiseliv.
Bilde av deltakarar i møtet i trapp
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.