Deltakarar i studio
Foto: Privat
11.12.2025

300 deltok på VertsKommunen 2025

Den 4. november blei VertsKommunen-konferansen 2025 arrangert, med over 300 påmeldte frå heile landet.

VertsKommunen-konferansen er NDBR og reisemåla si årlege, digitale konferanse, der målsetninga er å vera den nasjonale konferansen for det lokale reiselivet. Her samlar ein destinasjonsleiingar og enkeltdeltakarar seg på tvers av landet for å gjera opp status på utviklinga av reiselivet nasjonalt, i tillegg til å løfte opp dei lokale satsingane som er med på å forme framtidas reiseliv.

Næringsminister Cecilie T. Myrseth opna konferansen, og programleiarane Nikoline Waagaard Halvorsen frå Visit Telemark og Erling Løfsnes frå Visit Lindesnes tok imot fleire flotte gjester i studio: Frå NHO Reiseliv møtte Kristin Krohn Devold saman med Audun Pettersen frå Innovation Norway til samtale. Roar Vangsnes frå Distriktssenteret – Kompetansesenter for distriktsutvikling – og Ingunn Sornes hadde ein god diskusjon om roller og ansvar hos kommune og destinasjonsselskap.

Frå reisemåla sine eigne rekkjer snakka Helge Kjellevold frå Lysefjorden Utvikling, Arne-Jørgen Skurdal frå Visit Øst-Norge og Line Renate Samuelsen frå Visit Lofoten om destinasjonsselskapa si rolle i framtida. Gjennom heile konferansen hadde vi mange flotte innslag frå heile Noreg som viste gode døme på korleis destinasjonane jobbar systematisk med berekraftig utvikling.

Takk til Appetite for Production AS for god produksjon, fine fasilitetar og godt vertskap på Epicenter Oslo. Vi sjåast igjen på Vertskommunen 2026.

Andre aktueltsaker

Norwegian Travel Cluster tek reiselivet til Arendalsuka
Norwegian Travel Cluster stiller med tre arrangement på Arendalsuka i august: reiselivspolitikk, KI og tilgjengelegheit.
logo for arendalsuka
BerekraftsAkademiet styrkar seg med nye kurs om natur og tryggleik
Naturkursa kjem som eit tillegg til kursbiblioteket som allereie finst i akademiet.
teikneseriefigur av ein turistvert
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.