
Meld deg på den årlege, nasjonale konferansen for og av det lokale reiselivet
Reiselivet er viktig for kommunar og lokalsamfunn på tvers av landet. Det skaper arbeidsplassar og gir skatteinntekter. Det held oppe tilbod som butikkar, kafear og kulturtilbod, som gjer det meir attraktivt å bu på staden. Reiselivet skaper òg sosiale møteplassar og kan bidra til integrering. Skal reiselivet vere eit gode for lokalsamfunnet, må det utviklast i eit heilskapleg perspektiv.
Men korleis får ein dette til i praksis? Kva kan ein gjera lokalt for å ta eigarskap til denne utviklinga? Og korleis kan ein byggje opp under utviklinga i reiselivsnæringa og samtidig sikre at ho er i tråd med ønska og behova til lokalsamfunnet?
På konferansen ser me på dei store linjene i utviklinga av reiselivet. Du får innsikt i verktøy og ressursar du kan bruke i dette arbeidet i din eigen kommune og region. Samtidig får du høyre konkrete døme frå reisemål rundt om i landet som du kan lære av og bli inspirert av.
Høyr gjerne konferansen åleine, eller samle destinasjonsleiinga/reisemålsleiinga. Her kan de hente inspirasjon frå VertsKommunen2026-konferansen før lunsj, før de held fram med eigne diskusjonar og workshops etter lunsj.
Partnarar av våre medlems-destinasjonar får utdelt rabattkode. Ta kontakt med ditt destinasjonsselskap.





