bilde av arrangement
Foto: Claude
Digitalt kurs
:
4.11.26
:
:
10:00
Gå til påmelding »

Tilgjengelighet som konkurransekraft - frå potensial til lønnsam praksis (1/4)

Kva handlar tilgjengeleg reiseliv om, og korleis kan dette bli ein god business for di verksemd? Seminar 1/4 i vår kursrekke, som kan bli sett samla eller enkeltvis.

Visste du at over 1 milliard menneske i verda lever med ei eller anna form for funksjonsnedsetting – og at dei reiser? Tilgjengeleg reiseliv er ikkje berre samfunnsansvar, det er ein marknad som norske reisemål i liten grad har teke ut potensialet av.
‍

I dette kurset får du oversikt over kva tilgjengeleg reiseliv faktisk inneber, kvifor det løner seg å prioritere det, og kva som kjenneteiknar destinasjonar og bedrifter som lukkast. Vi ser på målgruppene, reisevanane deira og kva som avgjer valet av reisemål – og vi ser på korleis du kan ta dei første stega.

Kurset er utvikla i samarbeid med INKLU Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.

Passar for: reiselivsbedrifter, destinasjonsselskap, kommunar og andre som vil forstå moglegheitsrommet.

Dette kurset er ein del av Tilgjengelegheit som konkurransekraft – ein kursserie utvikla under AccessNorway-satsinga til Norwegian Travel Cluster. Målet er at norsk reiseliv og lokalsamfunn skal ta ut det store moglegheitsrommet som ligg i tilgjengeleg reiseliv. Du kan melde deg på eitt kurs eller heile serien – kvart kurs står på eigne bein.

Bedrifter som er medlemmer i eit destinasjonsselskap som er eigar av Norwegian Travel Cluster, får 75 % rabatt ved bruk av rabattkode. Ta kontakt med ditt destinasjonsselskap for å få koden.

‍

Andre kurs og arrangement

Digital konferanse
–
3.11.26
8:30
Pris:
3850
VertsKommunen 2026
Meld deg på den årlege, nasjonale konferansen for og av det lokale reiselivet
plakat med informasjon om arrangement
Digitalt seminar
–
11.11.26
10:00
Pris:
2000
Tilgjengelegheit som konkurransekraft – ein trinn-for-trinn-guide (2/4)
I dette kurset tek ein for seg ein konkret trinn for trinn guide for korleis di bedrift kan bli meir tilgjengeleg og inkluderanse for alle typer gjester. Seminar 2/4 i vår kursrekke, som kan bli sett samla eller enkeltvis.
bilde av arrangementtekst